Hilmarfestivalen 2019

Hilmarfestivalen 2019

Publisert av Steinar Røstad den 15.11.19. Oppdatert 27.01.20.

Til

alle som stilte opp med tablå under lysvandringa på Hilmarfestivalen 2019!

Tusen takk for god og flott innsats under  lysvandringa på  Hilmarfestivalen 2019. Steinkjer vart fylt opp med kunst, dans,

song og musikk av dei 25 gruppene som stilte opp med tablå, slik at det vart ei stor oppleving for alle oss som gjekk i toget.

Det er godt å sjå at så mange var med og bidrog til ei stor oppleving og var med å ga ekstra lys i dei mørke novemberkveldane.

Saman gjer vi Steinkjer til ein enda meir open, lys og glad by!

Vi er glad for at du er med og gjer ein så stor jobb i tablåa. Det var mange som gjekk ruta og mange som sto langs ruta og såg på. Hurra!

Lysande takkehelsing frå oss i Hilmarfestivalen: Lysvandringskomiteen, hovudkomiteen, styret og på kontoret!

Og hugs! Neste år–  også da i veke 45 - blir det på ny folkefest med stor Hilmarfestival og lysvandring. Vi håper å sjå deg og laget ditt  igjen da!

Johan Einar Bjerkem

Festivalsjef