Nord-Trøndelag Motorhistorisk Forening
Hilmarfestivalen 2

Hilmarfestivalen 2

Publisert av Steinar Røstad den 19.12.18.
 

Kjære du som stilte opp på tablå under lysvandringa på Hilmarfestivalen 2018!

Tusen takk for god og flott innsats under  lysvandringa på  Hilmarfestivalen 2018. Steinkjer vart fylt opp med kunst, dans, song og musikk av dei over 30 gruppene som stilte opp, slik at det vart ei stor oppleving for alle som gjekk i toget. Det er godt å sjå at så mange var med og bidrog til ei stor oppleving og var med å ga ekstra lys i dei mørke novemberkveldane.

Saman gjer vi Steinkjer til ein enda meir open, lys og glad by!

Vi er glad for at du er med og gjer ein så stor jobb i tablåa. Vi meiner det var omtrent 900 som gjekk, og mange også som såg på! Hurra for deg!

Lysande takkehelsing frå oss i Hilmarfestivalen: Lysvandringskomiteen, hovudkomiteen, styret og på kontoret!

Og hugs! Neste år – også da i veke 45 – blir det på ny folkefest med stor Hilmarfestival og lysvandring. Håper å sjå deg da igjen!

 

 

Johan Einar Bjerkem

Festivalsjef

image.title
image.title

Busstur

mandag 20. januar kl. 00:00

ÅRSMØTE 2020

søndag 05. januar kl. 21:40

LMK Nytt 7/2019

onsdag 04. desember kl. 23:12

Klubbmøte på Strandhølmen nov 2019

torsdag 07. november kl. 23:26

LMK

lørdag 26. oktober kl. 16:57